GeezerVisonThe World Wide Web, restored to 800 pixels of glory. |
| Home|About|Gaming cabinet|Archives|How it works|Starter sites |
GeezerVison is showing freedomdefined.org — Definition/Nn - Definition of Free Cultural Works Definition/Nn
Jump to navigation
Jump to search
SamandragDette dokumentet definerer «frie kulturelle verk» (free cultural works) som verk eller uttrykk som kven som helst kan studere, nytte, kopiere og/eller endre, til kva for eit formål som helst. Det skildrar òg visse akseptable avgrensingar, som tek omsyn til eller vernar desse grunnleggjande fridommane. Definisjonen skil mellom frie verk og frie lisensar, som kan bli nytta for å verne den juridiske statusen til eit fritt verk. Definisjonen er ikkje ein lisens i seg sjølv; han er eit verktøy for å fastsette om eit verk eller ein lisens skal reknast som «fri». InnleiingSosiale og teknologiske framsteg gjer det mogleg for ein aukande del av menneskja å ha tilgang til, skape, forandre og publisere ulike typar arbeid – kunstverk, forskings- og utdanningsmateriell, programvare og artiklar. Kort sagt: alt som kan bli representert i digital form. Mange samanslutningar og fellesskap har blitt skapt for å utøve desse nye moglegheitene og skape ei stor mengd kollektivt gjenbrukbare verk. Uansett kva for eit felt dei arbeider i, og uansett kva statusen deira som amatør eller profesjonell er, har dei fleste opphavspersonar ei sann interesse av å føretrekke eit økosystem der verk kan bli spreidde, brukte på nytt og endra på kreative vis. Jo enklare det å gjenbruke og endre eit verk, dess rikare blir kulturane våre. For å sikre at dette økosystemet fungererer smidig bør verka til opphavspersonane vere frie. Med fridom meiner vi:
Viss opphavspersonar ikkje tek handling, blir verka deira dekt av eksisterande opphavsrettslovar, som drastisk avgrensar kva andre kan og ikkje kan gjere. Opphavspersonar kan velje å gjere verka sine frie ved å velje blant juridiske dokument kjende som lisensar. For ein opphavsperson betyr ikkje det at ein mistar alle rettane sine om ein vel ein fri lisens, men det gjev andre fridommar som ramsa opp ovanfor. Det er viktig at verk som blir sagt å vere frie, i praksis og utan risiko tilbyr dei nemnde fridommane. Det er difor vi gjev ein eksakt definisjon av fridom nedanfor for lisensar og for verk. Å definere verk som frieDette er ein definisjon av frie kulturelle verk. Vi oppmuntrar opphavspersonar som skildrar verka sine, til å vise til denne definisjonen som «Dette er eit fritt lisensiert verk, som skildra i Definisjonen av frie kulturelle verk». Om ein ikkje likar omgrepet «frie kulturelle verk», kan ein nytte det meir generelle omgrepet «fritt innhald», eller vise til ei av dei eksisterande rørslene som skildrar liknande fridommar i meir spesifikke samanhengar. Vi oppfordrar òg til å nytte nokre av dei opphavsrettsfrie logoane og knappane for frie kulturelle verk. Ein skal vere merksam på at ei slik skildring ikkje gjev dei rettane som blir skildra i denne definisjonen. For at eit verk skal kunne vere heilt fritt, må det nytte ein av dei frie kulturlisensane, eller alternativt ikkje vere dekt av opphavsrett (utløpt vernetid eller at opphavspersonen dediserer verket som «offentleg eigedom», dvs. fråskriv seg alle dei opphavsrettane som han eller ho kan fråskrive seg i jurisdiksjonen sin (eller i den jurisdiksjonen han/ho vel å sette verket fri i)). Vi avrår å nytte andre omgrep for å identifisere frie kulturelle verk som ikkje gjev ein klar definisjon av fridom. Døme på dette er ope innhald (open content) og fri tilgang (open access). Desse omgrepa blir ofte nytta for å referere til innhald som er tilgjengeleg under «mindre restriktive» krav enn dei eksisterande opphavsrettslovane, eller for verk som er «tilgjengelege på internett». Definisjon av frie kulturelle lisensarLisensar er juridiske instrument som gjer det mogleg for eigaren av eit verk å føre over rettane sine til andre. Frie kulturelle lisensar fjernar ikkje rettar – det er alltid valfritt å godkjenne dei, og om dei blir godkjende gjev dei fridommar som opphavsrettslovar i seg sjølve ikkje gjev. Når ein slik lisens blir akseptert av brukaren inneber ikkje denne aksepten at eksisterande unntak, avgrensingar eller fridommar som brukaren har etter loven, blir redusert eller avgrensa. Brukaren mistar altså ingen av dei rettane han eller ho allereie har. Grunnleggande fridommarFor at ein lisens skal bli rekna som fri ifølgje denne definisjonen, må han oppfylla følgjande kriterium utan avgrensingar:
Akseptable avgrensingarIkkje alle avgrensingar som gjeld bruk eller spreiing av verket hindrar dei grunnleggande fridommane. Spesielt reknar vi krav til å erkjenne opphavspersonen, for «symmetrisk samarbeid» (dvs. copyleft) og til å verne dei grunnleggande fridommane som akseptable avgrensingar. Definisjon av frie kulturelle verkFor at verk skal bli rekna som frie, må dei anten leggjast under ein fri kulturell lisens, eller så må den juridiske statusen deira tillata dei same grunnleggande fridommane som føreskrive ovanfor. Dette kravet er likevel ikkje nok for å rekne verket som fritt. Eit spesifikt verk kan vere ufritt på andre vis som avgrensar dei grunnleggande fridommane. Dette er dei ytterlegare krava som må vere oppfylte for å rekne eit verk som fritt:
Med andre ord: Når den som nyttar eit verk ikkje juridisk eller praktisk kan utøve dei grunnleggande rettane sine, kan ikkje verket reknast som «fritt». Ytterlegare lesing
VersjonarNye versjonar av denne definisjonen blir sleppte så snart det er konsensus (direkte eller gjennom røysting, i forhold til skribentprosessen) rundt foreslåtte endringar. Nummereringa vil vere 0.x for utkast, 1.x, 2.x osv. for større endringar, x.1, x.2 osv. for mindre endringar. Ei mindre endring inneber at teksta blir endra på ein måte som ikkje påverkar dei eksisterande eller hypotetiske lisensane som er omfatta av denne definisjonen. Retrieved from "https://freedomdefined.org/index.php?title=Definition/Nn&oldid=23781" |
| You are visitor 01402503 — GeezerVison does not store the pages you look up. Best viewed with Netscape Navigator 4.7 or Internet Explorer 6 at 800×600. No cookies required. |